Om oss
Dalene Ventilasjon er eit ventilasjonsfirma etablert i 2024 av Michael Dalene - som tilbyr profesjonelle ventilasjonstenester til kundar i Ørsta, Volda og omegn.
Vi arbeider med det meste innan ventilasjon, blant anna installasjon av ventilasjonssystem, oppgradering av eksisterande anlegg, service og kanalrens. Målet er å levere løysingar som gir godt inneklima og fungerer godt i kvardagen.
Vi legg stor vekt på kvalitet, ryddig arbeid og god dialog gjennom heile prosessen. Du skal føle deg trygg på arbeidet som blir utført, og vere fornøgd med løysinga du får.
Treng du hjelp med ventilasjon i Ørsta, Volda eller nærliggande område, er du velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat eller eit tilbod.